Kast ikkje batteri i restavfall

Sjå den korte videoen på korleis du skal hantera batteri her. Batteri som feilaktig blir kasta i restavfallet er ein brannrisiko – både i avfallsbehaldaren, under transport og på gjenvinningsanlegget. ​

Kommunestyremøte 15. juni

Torsdag 15. juni er kommunestyret samla til siste møte før sommaren. Møtet startar kl. 09.00 i kommunestyresalen. Du kan følgje møtet direkte på KommuneTV. Kl. 11.40 er det orientering om sikkerheit under kommunevalet v/politioverbetjent Marit Breistøl. Kommunestyret har lunsj på Klingenberg kl. 12.00 - 13.00.

Boligdugnad.no - ein stad for private som ynskjer å leige ut bustadar

Direktoratet for byggkvalitet (DiBK), Husleietvistutvalet (HTU) og Kommunal- og dirstriksdepartementet (KDD) lanserte 12. juni ein nettstad som gjer det enklare for privatpersonar å leige ut bustadar. Boligdugnaden.no

Ordførar er sjukmeldt

Ordførar Hilmar Høl er sjukmeldt fram til 30. juni.   Varaordførar Anne Kauppi har ansvar for det daglege politiske arbeidet i denne perioden. For spørsmål og henvendelsar til politisk leiing, kontakt Anne Kauppi, telefon 911 20 643, epost: anne.kauppi@ardal.kommune.no

Følg formannskapsmøtet direkte torsdag 8. juni

Formannskapet er samla til møte torsdag 8. juni kl. 13.00 i kommunestyresalen. Finansutvalet har møte frå kl. 10.30 i kommunestyresalen. Dette møtet vert ikkje streama. Følg møtet direkte på KommuneTV frå kl. 13.00 .  

Formannskapsmøte 11. mai

Formannskapet har møte torsdag 11. mai kl. 12.00 i kommunestyresalen. 

Invitasjon til møte med grunneigarar og folkemøte om mogleg utviding av Jotunheimen nasjonalpark

Det vert ikkje utplassert kontainarar til hageavfall

Denne våren vert det ikkje plassert ut kontainarar til hageavfall rundt om i kommunen. Har du hageavfall må du sjølv køyre dette til Sunde Resirk og sortere der. Det er gjort avtale med Sunde Resirk om ein ekstra open dag laurdag 22. april frå kl. 09.00 – 15.00.

Geithus avfallsforbrenningsanlegg er stengt

I nesten 40 år har Geithus avfallsforbrenningsanlegg vore i drift. Anlegget har i denne tida hatt løyve til forbrenning av ulike fraksjonar avfall. Onsdag 22. mars var siste dag det var brenning av avfall i Geithus.  

Tilsette i Årdal kommune må fjerne TikTok og Telegram