Viktig informasjon om koronaviruset

Nasjonalparkkommunen Årdal

Jotunheimen nasjonalpark har dei høgaste fjella i Noreg - med Galdhøpiggen som den høgaste toppen. Nasjonalparken er kjend som ei populær base for tradisjonelt friluftsliv, fotturar, toppturar, jakt og fiske.

Jotunheimen nasjonalpark vart etablert i 1980 og strekk seg over eit 1151 km2 stort område i Lom, Vågå og Vang i Oppland fylke, og Luster og Årdal i Sogn og Fjordane.

Årdal vart i 2020 godkjent som nasjonalparkkommune. 

Jotunheimen dekker alt frå vestlandsk natur, med høge og kvasse tindar i Hurrungane som det mest særmerkte, til austlandsk natur med store dalar og fjellvatn. Utladalen er verna som landskapsvernområde saman med Jotunheimen nasjonalpark. I denne tronge og eigenarta dalen finst varmekjær lauvskog og høge fossar.

Visit Årdal er kommunen si informasjonsside  som gjev deg mykje informasjon om kva du kan oppleve av natur og aktivitetar i nasjonalparkkommunen Årdal. 

Til toppen