Årets entreprenørskapsmesse blir i Årdal 14. april 2026!
For 17. gong går den regionale entreprenørskapsmessa i Sogn av stabelen – nærare bestemt i Årdalshallen i Øvre Årdal tysdag 14. april kl 10.00- 14.30. Heile 30 elevbedrifter frå ungdomsskulane i Sogn skal syne seg fram og konkurrere på messa, i tillegg til mange flotte standar frå lokalt næringsliv.
Me skal også på spennande bedriftsbesøk til ulike bedrifter i Årdal denne dagen. Den lokale gründeren Yvonne Aga Romøren frå Kortlevert vil gjennom føredrag for 8. klassingane inspirere elevane til å tenkje nytt og drøyme stort.
Me reknar med å vere ca 500 ungdommar samla til ein dag med mykje læring og fellesskap på tvers av skulane og næringslivet i Sogn.
Brosjyra/invitasjonen her: Brosjyre entreprenørskapsmesse i Årdal 14.04.2026

Sist endra 08.04.2026 08:29