Personvernerklæring og innsynsrett (PDF, 516 kB)
Personvernombud

Mona Fykse er frå 1.januar 2019 tilsett i 20 % stilling som personvernombod for kommunane Lærdal, Aurland og Årdal. Stillinga er delt likt mellom kommunane.
Ho er til dagleg byggesakshandsamar i Årdal kommune.
Arbeidsoppgåvene til personvernombodet:
• vera kontaktperson mot innbyggjarar og intern rådgjevar/rettleiar i kommunane for tenesteområda, kommunedirektør og administrativ leiing for handsaming av personopplysningar og reglane for dette
• vera kommunen sin hovudkontakt mot Datatilsynet og gjere undersøkingar i konkrete saker
• sjå til at behandlingsansvarleg har tilfredsstillande system for internkontroll i kommunen (risikovurderingar, avvikshandtering, rutinar og reglar osv.)
• ivareta dei registrerte sine rettar
• peika på brot i regelverk
• handtere krav om innsyn, sletting, korrigering med meir
• halda seg oppdatert på utviklinga innan personvern
• gjennomføre haldingsskapande arbeid og opplæring i kommunane
• ombodet skal på ein uavhengig måte vurdere om reglane i personopplysningsloven blir følgd i kommunane