No kan du bestilla sakshandsamar for byggesak, plan og kart/oppmåling elektronisk
Tilbodet er ein del av kommunen si målsetjing om å gjere tenestene våre enklare og meir tilgjengelege for innbyggjarar og næringsliv, samt effektivisera kommunen sine arbeidsprosessar.
Sist endra 17.04.2026 09:24
Vi ynskjer at flest mogeleg skal senda søknad elektronisk. Da kan vi importera søknaden direkte over i eByggesak.
Den strukturerte informasjonen kan vi køyra gjennom automatiske sjekklister. De søkjer elektronisk slik.
Sakshandsamarane våre hjelper deg gjerne i søknadsprosessen. Du kan bestilla møte med sakshandsamar digitalt her.
På startsida til kommunen vel du “Bygge” - deretter “Avtal eit møte”. Finn aktuell sakshandsamar og trykk på knappen “Avtal eit møte”.
Deretter vel du eit ledig tidspunkt i kalendaren som kjem opp. I utgangspunktet er sakshandsamar ledig for elektronisk bestilling tysdagar og torsdagar fra kl. 09 - 14.
Når du har valgt tidspunkt fyller du ut registreringsskjemaet. Gjerne så detaljert du kan. Det vil vera til god hjelp for sakshandsamar.
Vi sender deg stadfesting på e-post. Hugs at møte ikkje er avtala før du har fått ei stadfesting frå sakshandsamar.
Dersom du har valgt telefonmøte ringer sakshandsamaren deg på avtala tidspunkt på telefonnummeret du har gjeve opp.
Har du valgt nettmøte får du tilsendt Teamslenke.
Du kan bestilla møte på 30 minuttar.
Ved førespurnader som kjem seinare enn ein arbeidsdag før møte kan vi ikkje garantera svar fra sakshandsamar på ønska tid.
Møte er ikkje avtala før du har fått ei stadfesting fra sakshandsamar.
Dersom du må avlysa møte kan du ta kontakt direkte med sakshandamar.
Du får oppgjeve kontaktinformasjon til sakshandsamar på e-post når møte er stadfesta.
Ja, vedlegg som er relevante til saka sender du som e-post til sakshandsamar i framkant av møte.