SMARtare teknologi 2026

Ei gruppe frå Tangen skule med teknologien «Frøken Frø og Herr Frø» vant og gjekk vidare til Fylkeskåringa,  me gratulera dei og ynskjer dei lykke til vidare i Fylkeskåringa.
SMARTare teknologi er eit undervisningsopplegg for 6. klasse. Elevane skal bruke kreativitet og kunnskap for å løyse reelle problemstillinga i samfunnet. Teknologi er middelet, men målet er gode og bærekraftige samfunn å leve i.

I år har elevane sett på korleis ein kan bruke teknologi for å utnytte avfallsressursane me samlar inn på ein betre måte, og kanskje skape arbeidsplassar i Sogn?

Elevane i 6. klasse på Farnes skule og Tangen skule fekk oppdraget to dagar i forkant av ein intern kåring på begge skulane, der to grupper frå kvar skule vart sendt vidare til ein kommunekåring.

Kommunekåringa gjekk føre seg nede på Rådhuset, der eit dommarpanel kåra «Frøken Frø og Herr Frø» frå Tangen skule som vinnarar av kommunekåring, og dei er dermed vidare til Fylkeskåringa.

Eine gruppa frå Tangen skule vant kåringa SMARtare teknologi med ideen «Frøken Frø og Herr Frø» . Denne gruppa bestod av 5 elevar. Det var tre dommarar som stod for kåringa.