Politiske møter i veke 13
Tysdag 24. mars er det møte i formannskap og eigarskapsutval
Kl. 14.00 er det ekstra møte i formannskapet med ei sak til handsaming som gjeld dispensasjon på FV5632 mellom Melheim og Haug.
Vestland fylkeskommune har søkt om dispensasjon frå arealføremålet (LNFR) i gjeldande kommuneplan for utbetringar og etablering av møtelommer på FV5632 mellom Melheim og
Haug.
Kl. 14.30 er det møte i Eigarskapsutvalet. Saka som skal til handsaming er unnateke offentlegheit jf. off. lova § 23 og det er framlegg til at møtet vert lukka under handsaminga jf. kommunelova § 11-5.
Fredag 27. mars kl. 08.00 er det møte i kommunestyret der mellom anna vertskommunesamarbeid om barnevern i Sogn er på saklista.
Dette møtet vert sendt direkte og saker til handsaming er:
- PS-013/26 Vertskommunesamarbeid om barnevern i Sogn - ny handsaming
- PS-014/26 Medlemskap i regionsamarbeid - Vest brann og redningsregion KO
- PS-015/26 Rebudsjettering av investeringar 2026