Farevarsel for mykje regn, flaum- og jordskred

Det er venta mykje regn over deler av Vestlandet sør for Stad laurdag ettermiddag, søndag og natt til måndag. NVE og MET har sendt ut gult varsel om mykje regn, fare for flaum og oransje varsel for jordskred. Det kan komme rundt 60 til 80mm på 24 timer, lokalt opp i 80 til 100mm på 24 timar. 

Kommunen har ikkje sett krisestab, men me følgjer med på værsituasjonen. 
Hald deg oppdatert på varsom.no og Statens Vegvesen

Organisasjon og innsyn

Her får du informasjon om Årdal kommune, du kan lesa postlista vår, sjå den politiske møteplanen, møtedokument, prislista og opningstider. Du kan og logga inn på karttenester, melda inn/sjå kva feil og manglar som er meldt inn i "Mitt nabolag". 

Om oss

Vil du flytta til Årdal?

Når du kjem inn Sognefjorden og trur du snart ikkje kan koma lenger, der finn du Årdal kommune. Teknologibygda med urørt natur og kort veg til nasjonalparken Jotunheimen.
Besøk sida visitardal.no.


Årdal er eit moderne bygdesamfunn med teknologi og innovasjon i verdsklasse.
Årdal kommune kan og smykka seg med å vera vertskap for fleire populære festivalar og har aktive grupper innan alt ein kan driva med på fjord og fjell. 

Informasjon om Årdal

Til toppen