Berøringsskjermen gjer deg til ein farlegare sjåfør.

Har du kontroll over bilen mens du skifter musikk eller tastar inn adresse?  

Eigedomsskatt 2025 - søknad om fritak for lag og organisasjonar

Lag og organisasjonar kan søkje om fritak for eigedomsskatt innan 29. november.

Beintøft kampanjen avslutta!

Over 50 000 elever frå heile landet deltok i Beintøft 2024. Saman har dei gått rundt jorda 25 gangar! Skulane i Årdal var med for fyste gang på den nasjonale gå- og sykleaksjonen. 

Landslova 750 år – og kva så? Føredrag ved Pål Berg Svenungsen

Onsdag 20. november kl 19.00 i kultursalen.

Innmelding av naturskade

Naturskade i samband med uveret “Jakob” sine herjingar, skal meldast inn til Statens naturskadeordning.

Aktiv mot kreft

I eit samarbeid mellom Frisklivssentralen, Trimhåla og Brystkreftforeningen i Sogn vil me starte opp eit treningstilbod for personer som har eller har hatt kreft. Mandager kl. 16 i Trimhåla på Årdalstangen med godkjent aktiv instruktør Jorunn Bjørvik.  Dette er eit gratis tilbod no i prosjektperioden

Skule- og barnehagestart 2024

Ekstraordinært kommunestyremøte fredag 9. august

Kommunestyret er kalla inn til eit ekstra møte fredag 9. august kl. 12.00. Møtet vert halde på Teams og vert sendt direkte.Du kan følgje møtet på KommuneTV frå kl. 12.00.

Tenk tryggleik og klipp hekken før skulestart

Små barn på skulevegen blir lett usynlege bak store hekkar og busker. Dette kan føre til farlege situasjonar i trafikken. Trygg Trafikk oppmodar folk om å klippe hekkane i samband med skulestart.

Tilsett som rektor for Årdal kulturskule

Thor Øyvind Evje Skogli Nordby er tilsett som rektor for Årdal Kulturskule. Han har lang erfaring frå kulturskular i Rogaland og som aktiv musikar i Sandnes Symfoniorkester.