Den politiske styringa er sett i Årdal
Etter eit oppløp av dei uvanlege etter valet, har Årdal kommune fått nytt formannskap, ny ordførar, varaordførar - og alle utvala med meir er banka inn fortløpande i kommunestyresalen denne føremiddagen.
Sist endra 30.04.2024 10:33
Christian Sønstlien blei vald inn som ny ordførar i Årdal kommune samrøystes.
Anne Kauppi har fått fornya tillit som vara ordførar idag.
Christian tek podiet for fyrste gong som ordførar og takkar for tilliten. Han håpar og at dei politiske kreftene i bygda skal jobba godt saman der alle føler seg sett og høyrt.
Varaordførar bistod med å få på ordføraren ordførarkjeda for fyrste gong, ho veit det ikkje er berre berre å få på seg dette.