SMARTare teknologi 2026

Ei gruppe frå Tangen skule med teknologien «Frøken Frø og Herr Frø» vant og gjekk vidare til Fylkeskåringa,  me gratulera dei og ynskjer dei lykke til vidare i Fylkeskåringa.SMARTare teknologi er eit undervisningsopplegg for 6. klasse. Elevane skal bruke kreativitet og kunnskap for å løyse reelle problemstillinga i samfunnet. Teknologi er middelet, men målet er gode og bærekraftige samfunn å leve i.

Rein Sognefjord 2026

Saman gjer me ein større forskjell! Bli med på ryddedugnaden Rein Sognefjord 

Gangvegen til Loi på Årdalstangen blir stengt

Utsetter stenging. Den blir stengt ei veke seinare frå den 13. april.Gangvegen blir stengt frå 7. april til 1. juli, gjeld i forbindelse med att gangvegen til Loi skal få lys.

Gatefeiing - Startar opp i veke 12

I den samanheng er det eit par ting å tenka på.

10. mars er barnehagedagen

Barnehagane markerte barnehagedagen på torga i Årdal med slagordet “Rom for alle”.

Månadens kommune - Årdal kommune

Digi Vestland løftar fram gode døme frå digitaliseringsarbeid i medlemskommunane. Her deler vi inspirerande historier og smarte løysingar og tips frå kommunane. 

Forbod mot bruk, parkering og lading av el-sparkesyklar i kommunale bygg

Kvifor:Brannar i elektriske sparkesyklar er eit aukande problem både nasjonalt og lokalt. Brannvesenet rapportera om fleire utrykkingar til slike brannar, som utviklar seg svært raskt, er vanskeleg å sløkke og avgjer røyk som kan ta livet av menneske.Forbodet gjelder frå: 01. april 2026.

Førebels positivt netto driftsresultat for Årdal kommune i 2025

Årdal kommune legg fram eit førebels positivt netto driftsresultat i rekneskapen for 2025. Netto driftsresultat er berekna til i underkant av 28 millionar kroner, noko som er om lag 15 millionar kroner betre enn budsjettert. Resultatet gjev grunnlag for å styrkje kommunen sitt disposisjonsfond, og dermed den økonomiske beredskapen for komande år.

Forskarfabrikkens sommarskule 2026

I år og er sommerskulen i Årdal støtta av Hydro. Tema i år er  “Vår magiske planet”. for 4. – 6. trinn.Påmeldinga opnar onsdag 4. mars kl. 09:00. Påmeldingsfrist er 1. juni.

Skyss med heilt ny app

Frå 9. mars kjem Skyss med ein heilt ny app der ein kan planlegge kollektivreisa og kjøpe billett på same stad.Endringa vil påverke kollektivbrukarar i heile Vestland, inkludert i kommunar der Skyss tilbyr bestillingstransport. Nettsida: skyss.no/app