Kommunedelplan for naturmangfald 2026–2038. Høyring og offentleg ettersyn

Sei di meining om naturmangfaldet i Årdal

No kan du vere med og forme korleis Årdal tek vare på naturen sin. Kommunen har laga sin aller første heilskaplege plan for naturmangfald, og frå no av ligg planforslaget ute på høyring.

Kommunedelplan for naturmangfald 2026–2038 samlar for første gong kunnskapen om naturverdiane i Årdal i eitt dokument, frå fjell og vatn til kulturlandskap og artar som høyrer heime her. Planen peikar på kva natur vi har, kva som er under press, og kva kommunen vil gjere. Han inneheld ein handlingsdel med 21 konkrete tiltak.

Vi vil gjerne høyre frå deg. Lag, organisasjonar, grunneigarar og innbyggjarar er velkomne til å sende innspel. Det er kunnskapen og engasjementet til folk i Årdal som gjer planen betre.

Høyringsfrist: 31. august 2026

Her finn du planforslaget med vedlegg 


Innspel sender du til postmottak@ardal.kommune.no, merka med saksnr. 26/985

Har du spørsmål, ta kontakt med klima- og miljørådgjevar Stine Ohrvik