Det har tidlegare vore gjennomført medverknadsmøte knytt til arbeidet med sti- og løypeplanen. Innspela frå desse møta er no innarbeidde i planarbeidet og dannar grunnlaget for vidare arbeid.Årdal kommune inviterer innbyggarar, grunneigarar, lag, organisasjonar og andre interesserte til to opne medverknadskveldar i samband med arbeidet med kommunedelplan naturmangfaldsplan og temaplan for friluftslivets ferdselsårer (sti- og løypeplan).