Tildeling av landbruksmidlar 2026
Mange gode tiltak og prosjekt på landbrukseigedomar i Årdal, Lærdal og Aurland har no fått løyvd midlar. Til saman har me løyvd omlag 2 millionar kroner.
Sist endra 17.06.2026 13:37
Felles Landbrukskontor ÅLA har delegert mynde til å handsama og løyve midlar frå fleire tilskotsordningar som kjem både landbruksnæringa og andre til gode. Tilskotsordningane opfattar støtte til drenering, spesielle tiltak i jordbruket sit kulturlandskap (SMIL), tiltak i beitefelt og utvalde kulturlandskap i Lærdal.
Døme på tiltak som har fått støtte er elektronisk overvakingsutstyr til husdyr på utmarksbeite, restaurering av verneverdige bygningar og kulturminne, rydding av beite og fornying av gjerde. Me ser og at utfordringar med “vatn” er aukande, og det er difor prioritert å støtte fleire hydrologisk tiltak med midlar. Me har to store hydrologiske prosjekt, eit i Lærdal og eit i Aurland, der tilleggsløyving er avgjerande for å støtte desse tiltaka.
I Lærdal har me og fleire område som får UKL-midlar for museal skjøtsel. Desse tiltaka tek vare på, og held i hevd vår felles kulturarv.
Til saman er det komme inn 69 søknadar; 6 har fått avslag, to søknadar ventar på tilleggsløyvingar og 55 søknadar har fått løyving.
Felles Landbrukskontor ÅLA er godt nøgd med alle gode tiltak som vert utført av bøndene, grunneigarar og andre, for å ta vare på og bruke ressursane på landbrukseigedomane i kommuane.