Korleis kan du gje innspel?
Send innspel til budsjettet på e-post til kommunen: postmottak@ardal.kommune.no
Innspel som er mottekne innan 10. september vert lagt fram for formannskapet i møte 17. september.
Tema til drøfting (spørsmål 1 til 8)
Tema 1. Fleire eldre innbyggjarar og færre yngre innbyggjarar er ei utvikling som vi ser dei fleste stadar i landet.
Spørsmål 1: Kva er viktige grunnar til at ungdom og familiar vel å bu i Årdal?
Tema 2. Eldre ynskjer å bu heime så lenge som mogeleg!
Spørsmål 2: Kva er dei viktigaste føresetnadane for at eldre skal kunne bli buande heime, i sin eigen bustad?
Tema 3. Frivillige gjer ein stor innsats i Årdal, mellom anna, som aktive i lag og organisasjonar, turistinformasjon og besøksteneste.
Spørsmål 3: Kva er viktig for å ta vare på engasjementet i frivillig sektor?
Tema 4. Årdal kommune har fått status som omstillingskommune. Dette gjev kommunen og næringsapparatet midlar til å jobbe med omstillinga.
Spørsmål 4: Korleis skal Årdal kommune blir attraktiv for nye verksemder og næringslivet?
Tema 5. Barn og unge skal trivast og vere trygge i Årdal.
Spørsmål 5: Kva bør vere viktige satsingsområde for barn og unge?
Tema 6. Folketalet i Årdal kommune er redusert med over 10% dei siste 30 åra. Det er i 2026 vel 600 færre innbyggjarar, enn i 1996. Kommunen må gjere naudsynte tilpassingar i tenestetilbodet.
Spørsmål 6: Kva endringar kan/bør vi gjere i tenestetilbodet som følgje av folketalsutviklinga?
Tema 7. Rekruttering og tilgang på kompetanse er ei av dei største utfordringane vi møter. Dette gjeld både i helse og omsorg og i andre sektorar.
Spørsmål 7: Kva er viktige føresetnader for å lukkast med rekruttering
Tema 8. Anna
Spørsmål 8: Er det tenestetilbod du saknar i Årdal kommune og har du andre innspel til budsjett 2027 og økonomiplan 2027-2030?