Rullering av arealdelen til kommuneplanen - Diskusjonsutkast

Diskusjonsutkast til revisjon av kommuneplanens arealdel vert med dette lagt ut til førehandsdiskusjon.

Diskusjonsutkast til kommuneplanens arealdel 2026 - 2033 

Årdal kommune legg med dette fram eit diskusjonsutkast til kommuneplanens arealdel. Utkastet vert no sendt ut til førehandsdiskusjon der innbyggjarar, lag, organisasjonar og næringsliv er inviterte til å kome med innspel tidleg i prosessen.

Arealdelen til kommuneplanen styrer korleis areala i kommunen kan nyttast, mellom anna kvar det kan byggjast bustader, næring og fritidsbustader, og kvar areal skal takast vare på til landbruk, natur og friluftsliv. Drøftingsutkastet er eit tidleg diskusjonsgrunnlag, og ikkje eit ferdig planframlegg.

Føremålet med drøftingsutkastet

Føremålet er å leggje til rette for diskusjon om mål, prinsipp og konkrete arealbruksløysingar i den reviderte arealdelen. Samstundes ynskjer kommunen å samle inn supplerande informasjon knytt til både dei ulike alternativa og vedtaksgrunnlaget, det vil seie konsekvensutgreiinga.

Tilbakemeldingane og den supplerande informasjonen frå denne fasen vil danne grunnlaget for å ferdigstille konsekvensutgreiinga og utarbeide eit endeleg planframlegg, med eventuelle alternativ for utvalde område.

Kva skjer vidare

Innspela frå førehandsdiskusjonen dannar grunnlag for eit endeleg planframlegg som seinare vert lagt ut til offentleg ettersyn. Då kjem ein ny og formell høyringsrunde der alle på nytt får høve til å uttale seg.

Det endelege planframlegget vil omfatte:

  • eit samla plankart med føresegner for heile kommunen
  • ein tekstdel med mål, prinsipp og ei kort oppsummering av vesentlege verknader
  • ei eiga konsekvensutgreiing som gjer greie for vurderte alternativ og konsekvensane av desse

Bakgrunn

Drøftingsutkastet byggjer på:

  • planprogram fastsett av kommunestyret 7. oktober 2021 (sak 046/21)
  • innspel til varsel om oppstart og merknader til planprogrammet
  • politiske prinsippdiskusjonar
  • førebelse resultat av gjennomførte utgreiingsarbeid

Medverknad

Det er lagt opp til brei medverknad i drøftingsfasen. Kommunen vil mellom anna halde informasjonsmøte, grendemøte og temamøte med utvalde styresmakter. I tillegg vert drøftingsutkastet presentert for regionalt planforum i august 2026.

Slik gir du innspel

Frist for å kome med innspel er 15.09.2026

Innspel kan sendast til  postmottak@ardal.kommune.no eller til Årdal kommune, Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen innan 15. september 2026.

Har du spørsmål?

Sebastian Hjertager Lund
Kommuneplanleggjar