Veteranplan for Sognaregionen - utkast lagt ut på høyring

Sogn KO ser eit felles behov for ein veteranplan for å sette veteranarbeidet i system. Sogn er eit felles bu- og arbeidsområde, og ein felles plan vil difor kunne bidra til eit betre samla arbeid for veteranane i regionen. Frist for uttale: 30. april.

No kan du bestilla sakshandsamar for byggesak, plan og kart/oppmåling elektronisk

Tilbodet er ein del av kommunen si målsetjing om å gjere tenestene våre enklare og meir tilgjengelege for innbyggjarar og næringsliv,  samt effektivisera kommunen sine arbeidsprosessar.

Ofredalsvegen kan bli stengt i korte periodar

Frå og med i dag kan Ofredalsvegen bli stengt i korte periodar på grunn av utbetring av vegbana ang. kraftutbygging. 

Årets entreprenørskapsmesse blir i Årdal 14. april 2026!

For 17. gong går den regionale entreprenørskapsmessa i Sogn av stabelen – nærare bestemt i Årdalshallen i Øvre Årdal tysdag 14. april kl 10.00- 14.30. Heile 30 elevbedrifter frå ungdomsskulane i Sogn skal syne seg fram og konkurrere på messa, i tillegg til mange flotte standar frå lokalt næringsliv.

Utvida bandtvang for hund i Årdal kommune

Det er bandtvang i Årdal kommune i perioden 1. april til 1. november. 

Årdal miljøstasjon - endra opningstide i påska

Ny overordna beredskapsbil til distriktet vårt

På tide med ein utskifting av overordna vaktbil til beredskap her i vårt distrikt. God traver erstattast av heftige nye Land Cruiser 20 år etter. Takk Toyota Kaupanger! 🚘🙌

Politiske møter i veke 13

Denne veka er det ekstra møter både i formannskap, eigarskapsutval og kommunestyret.Møtet i kommunestyret fredag 27. mars kan du følgje direkte frå kl. 08.00. Dei andre møta vert ikkje strøyma.

SIMAS minnar om forskyvd tømmekalendar

I 2026 gjekk SIMAS over til forskyvd tømmekalendar. Dette vil seie at tømmedagar ikkje vert den same dagen i veka heile året.

Formannskapsmøte 19. mars - Streaming

Formannskapet er samla til møte i dag,  19. november kl. 08:00 i kommunestyresalen.Du kan følgja møtet på Kommune TV