Hærverk ved friluftsbadet i Øvre Årdal
Årdal kommune har dei siste dagane registrert fleire tilfelle av hærverk ved friluftsbadet i Øvre Årdal. Hendingane har oppstått i samband med ulovleg bading på kvelds- og nattestid.
Hærverket fører til mykje ekstra arbeid for kommunen sine tilsette, og kan i verste fall medføre at badet ikkje kan haldast ope som planlagt. Til dømes måtte planlagd bading for skuleelevar i Øvre Årdal i dag avlysast på grunn av store mengder knuste flasker og glasbrot på området (sjå bilete, trykk på bileta for å forstørre dei).
Det som er særleg alvorleg, er at knust glas og liknande er vanskeleg å få fjerna heilt, og det medfører risiko for at nokon kan skade seg dersom det ligg att restar i gras og underlag.
Årdal kommune oppmodar difor foreldre og føresette til å snakke med barn og unge om denne problemstillinga. Me håpar dette kan bidra til å få slutt på ulovleg bading og hærverk ved anlegget.
PS !
Hvis nokon saknar smykket/kjeda på biletet, ta gjerne kontakt.