Hans Majestet Kong Harald V 1937 - 2026

Det er med stor sorg ein har motteke bodskapen om at Hans Majestet Kong Harald er gått bort, seier ordføraren i Årdal, Christian Sønstlien.

Bilete av Hans Majestet Kong Harald V - Klikk for stort bilete Det Norske kongehuset

Kong Harald har vore ein folkekonge som heile Noreg er blitt glad i. Gjennom eit langt liv har han representert landet på ein klok, varm og inkluderande måte. Kongen har synt interesse og engasjement i møte med menneske og har med sin lune humor og folkelegheit gjort inntrykk på alle han har møtt. 

På vegne av innbyggjarane i Årdal kommune vil eg uttrykke djup medkjensle med Kongefamilien og alle som sørgjer over tapet av Kong Harald.

Eg lyser fred over Kong Harald sitt minne.

Kondolanseprotokoll

Årdal kommune vil legge til rette for at innbyggarar som ynsker det, kan skrive ei helsing i ein kondolanseprotokoll.

Kondolanseprotokollar vil bli lagt ut på rådhuset frå mandag den 31. august i opningstida. 
Det vil og bli lagt ut protokollar på sjukeheimen i Seimsdalen, Årdal sjukeheim og ÅBO frå i ettermiddag. 

Kommunen legg til rette for at den som ynskjer det kan leggje ned blomar og helsingar samt tenne lys ved 1000 årsstaden framføre rådhuset til minne om Kong Harald.

Kyrkjene våre held ope for dei som måtte ynskje det. Farnes kyrkje held ope søndag den 30. august frå kl.10.00- 13.00, og Årdal kyrkje held ope i dag, fredag 28. august frå kl. 13.00-18.00.