Piggtråd og dyrevelferd i beite
Innimellom får kommunane melding om dyr som har hengt seg opp i gamle gjerde, gjerne med piggtråd. Det hender og at dyr “surrar seg fast” i elektrisk nettgjerding og hjortegjerde. Det er både hudyr og ville dyr som vert utsett.
Gamle piggtrådgjerde må fjernast om dei kan føre til skade på dyr og menneske
Øyvind Vatshelle, SFVL
Felles Landbrukskontor ÅLA minnar om at:
- Det er forbode å setje opp nye piggtrådgjerde for å regulere ferdselen til dyr.
- Ved vedlikehald av eldre gjerder skal det ikkje nyttast piggtråd.
- Eldre piggtrådgjerde som openbart er farlege for dyr har grunneigar ansvar for å fjerna.
Me veit at det er mange gamle gjerder, med og utan piggtråd, rundt om i bygdene våre. Det er ikkje lett å rydde opp «gamle synder», gjerne frå tidlegare eigarar. Likevel er det grunneigarane sitt ansvar å fjerne gamle piggtrådgjerder. Det er og viktig at dyreeigar sjekka områda husdyra går i, for å kartlegge eventuelle farar.
Kommunane har støtta mange ryddeprosjekt med SMIL-midlar. Det er framleis høve til å søkje om støtte frå denne ordninga. Søknadsfrist var 15.april. Søknadsskjemaet finn du her: Tilskotsordningar - Lærdal kommune. Innsamla gjerde kan leverast til gjenvinning, og det finst også lokale firma som kjøper opp metall.
Det er Mattilsynet som forvaltar regelverket etter dyrevelferdslova, og som tek imot klager på ulovlege piggtrådgjerde.
Sist endra 17.08.2026 12:10