I 2025 vart det av Regjeringa, sett ned eit forum med deltakara frå ulike sektorar. Samarbeidsforumet har som mandat å arbeide med førebygging og reduksjon av dyrepåkøyrslar. Vår eigen viltforvaltar, Knut Fredrik Øi, representerar kommunane i Noreg i dette arbeidet.
Slik reglane er i dag, har kommunen ansvar for ettersøk av påkøyrde hjortedyr og anna vilt, og arbeidet vert finansiert gjennom viltfondet. Dette medførar betydlege økonomiske kostnadar for kommunen.
På grunna v det høge talet på dyrepåkøyrslar kvart år oppleve kommunen at kostnadane ofte overstig inntektene til viltforndet. Dette førar til at det i liten grad er midlar att til andre viktige vilttak.
Privat
Landbruksdirektoratet har fått i oppdrag, i samarbeid med andre aktørar, å utarbeide ein samfunnsøkonomisk analyse av dyre påkøyrslar. Målet er å identifisere tiltak som kan bidra til å førebyggje dyrepåkøyrslar, og å kome med innspel til alternative løysingar for finansiering av det kommunale ettersøksarbeidet.
Som resultat av dette arbeidet er det utarbeidd to nyttige rapportar:
Samfunnsøkonomisk analyse av dyrepåkjørsler
Alternative løsninger for finansiering av kommunalt ettersøksarbeid
Utgreiingane blei gjennomførte i perioden januar - juni 2026 og skal følgjast opp i Samarbeidsforum for førebygging og reduksjon av dyrepåkøyrslar.
Landbruksdirektoratet har og opna for at kommunane kan kome med innspel innan 1. september til det vidare arbeidet i samarbeidsforumet. Dette kjev kommunane ei moglegheit til å spele inn erfaringar og synspunkt på mellom anna finansiering av det kommunale ettersøksarbeidet, internkommunalt samarbeid og tiltak som kan bidra til å førebyggje dyrepåkøyrslar framover.
Les om dette og meir på Landbrukskontoret sine sider.