Sanke sopp?

På seinsommaren og på hausten er det mykje fin matsopp i skog og mark.

Det er likevel ikkje all sopp som utan vidare bør etast: 

  • somme soppar skal ikkje etast – dei er svært giftige og kan gi livstruande forgifting
  • somme soppar bør ikkje etast – dei er giftige og kan gi forgiftingssymptom
  • somme soppar bør ikkje etast rå, men kan etast eter tørking, steking/koking eller salting

Vi har rundt 60 giftige soppartar i Norge – av desse er ein handfull svært giftige. 

  • Vær klar over at inntak av sjølv små mengder svært giftig sopp kan føre til alvorleg forgifting med varig lever- og/eller nyreskade og i sjeldne tilfelle død.
  • Vær klar over at kvitt flugesopp kan likne på kvit sjampinjong og kvit røyksopp.
  • Vær klar over at spiss giftslørhatt kan likne på og vokse i lag med traktkantarell.

Giftinformasjonen har utgitt brosjyren Giftige soppar i Noreg med ein oversikt over dei svært giftige soppartane i Norge og Norges sopp- og nyttevekstforbund har utgitt heftet Sopp for nybegynnere – bli trygg i soppskogen. Brosjyren er tilgjengeleg på 20 språk og brosjyren og heftet bør lesast av alle som vil sanke sopp i Noreg. Det er likevel viktig å poengtere at brosjyren og heftet ikkje erstattar soppopplæring med ein soppkyndig. 

Giftinformasjonen får kvart år fleire hundre telefonar om soppforgifting og kvart år blir i gjennomsnitt 10 personar innlagt i sjukehus med alvorleg forgifting – nokon år fleire. 

I 2024 slo Sørlandet sjukehus alarm etter at fleire pasientar i løpet av kort tid hadde blitt innlagt med nyresvikt etter å ha ete spiss giftslørhatt. 

I 2014 slo Oslo universitetssjukehus alarm etter at fleire pasientar i løpet av kort tid hadde blitt innlagt med leversvikt etter å ha ete kvitt flugesopp. 

Sankevett

Retten til å sanke i skog og mark følger av friluftslova. Friluftslova gir ikkje berre rammene for «allemannsretten», men også for «allemannsplikten». Du har etter nærare reglar rett til å ferdast i skog og mark, og sanke i skog og mark, men det skal skje på ei måte som vernar om friluftslivets naturgrunnlag og på ein tilstrekkeleg varsam og omsynsfull måte.

Sank berekraftig!

Du skal ikkje sanke meir sopp enn du treng og det skal vera att sopp slik at bestanden på staden kan overleve og slik at det er livsgrunnlag for det som eles lever i skog og mark.

Sank trygt!

  • Du bør ikkje sanke og du skal aldri ete eller servere sopp som du ikkje sikkert kan identifisere og verifisere som frisk matsopp. 
  • Du bør plukke, identifisere og verifisere ein og ein sopp om gangen for å unngå feilplukk. 
  • Du bør identifisere og verifisere ein og ein sopp på nytt når du kjem heim.
  • Du bør oppbevare dei ulike soppartane kvar for seg under og etter sanking.
  • Du bør ta vare på eit eksemplar av kvar ny soppart du har tenkt å ete, eller ta gode bilde, i tilfelle du treng bistand frå soppkyndig eller Giftinformasjonen.

Vær alltid særleg nøye om du skal sanke skivesopp (dei seks svært giftige soppartane er alle skivesoppar) eller om du skal sanke traktkantarell av di traktkantarell kan vokse på same plass og saman med spiss giftslørhatt som er svært giftig (sjå illustrasjonen under).

Illustrasjon frå Giftinformasjonen om risikoen for feilplukk av spiss giftslørsopp.

Spiss giftslørsopp (til venstre) og traktkantarell (til høgre) veks ofte samme staden i skogen. Lær deg dei ulike kjenneteikna så du ikkje tek med deg feil sopp heim. - Klikk for stort bileteSpiss giftslørsopp (til venstre) og traktkantarell (til høgre) veks ofte samme staden i skogen. Lær deg dei ulike kjenneteikna så du ikkje tek med deg feil sopp heim. Giftinformasjonen

Eg er i tvil om eg kan ete soppen

Lurer du på om du kan ete ein sopp du har plukka bør du kaste soppen eller kontakte ein soppkyndig. Nytt gjerne tenesta Soppkontroll frå Norges sopp- og nyttevekstforbund. 

Eg er uroa etter å ha ete sopp

Du kan bli dårleg med mageknip, kvalme, oppkast og diare også etter å ha ete sopp som ikkje er svært giftige. Vær klar over at:

  • Sopp er ferskvare og bør etast frisk.
  • Sopp er tungt fordøyeleg og bør etast med måte.
  • Somme soppar bør ikkje etast med alkohol (t.d. blekksopp).
  • Somme soppar skal steikast eller kokast før dei kan etast (t.d. rødskrubb og sandmorkel).
  • Somme soppar kan gi alvorlege allergiske symptom (t.d. pluggsopp).

Eller for å sitere eit av de grunnleggjande prinsipp innan læra om giftstoff - dosis sola facit venenum – dosen åleine gjer gifta. Dette prinsippet bygger på utsegna til legen Paracelsus frå 1538 der han skriv: «Alle ting er gift og ingenting er uten gift – dosen alene avgjør om en ting er en gift».

Eg trur eg kan ha ete giftig sopp

Lurer du på om du kan ha ete giftig sopp bør du kontakte Giftinformasjonen (døgnope telefon 22 59 13 00). Før du ringer kan det vera nyttig å ha klar følgande informasjon:

  • Kven som kan ha ete giftig sopp (namn, alder og vekt)
  • Kor mykje giftig sopp som kan ha blitt ete
  • Kva type giftig sopp som kan ha blitt ete med informasjon om: 
    • Sankestad (lauvskog, barskog, grasplen, tre, trestubb)
    • Bilde av hattens overside
    • Bilde av hattens underside
    • Bilde av heile stilken frå topp til botn 

Eg er ganske sikker på eg kan ha ete svært giftig sopp

Om du er sikker på eller ganske sikker på at du kan ha ete svært giftig sopp bør du kontakte AMK (døgnope telefon 113). Du bør i samråd med AMK vurdere om det er naudsynt og trygt å provosere fram oppkasting og om det er naudsynt og trygt å begynne transport i retning sentrale strøk om du er langt unna sjukehus. Du bør om mogleg ta vare på eit eksemplar av soppen du har ete.

Flått og hoggorm

Når du ferdast i skog og mark kan du møte på flått og hoggorm. Her finn du informasjon om kva du treng gjere om du blir beten av flått eller hoggorm