Her kan du lese 1. tertialrapport 2025 for Årdal kommune

1. tertialrapport 2025 med budsjettendringar

Frisk start på veka!

Årdal er vertsskap for Norges nasjonalparkkommunar årskonferansen 2025

Frå 3. til 5. juni 2025 samlar nasjonalparkkommunane seg i Årdal for den årlege konferansen i regi av Norges nasjonalparkkommunar (NPKL). Årets tema er besøksforvaltning, og korleis kommunane kan balansere verdiskaping og vern i møte med auka turisme og klimaendringar.

Ny miljøstasjon opnar på Årdalstangen 11. juni

Den nye miljøstasjonen på Årdalstangen opnar onsdag 11. juni kl. 10.00.  Då blir det mogleg å levere avfall i ulike fraksjonar på Finnsås - Årdal miljøstasjon.

Kommunale akutt døgnplassar til kortidsavdelinga på ÅBO

15. mai hadde me samarbeidsmøte med Helse Førde. Bakgrunnen for møtet var særavtalen med Helse Førde om drift av kommunale akutt døgnplassar (KAD).

Eit friminutt prosjekt på Farnes skule

Vinteren 2025 starta Farnes skule eit friminutt-prosjekt på mellomsteget. Dette er eit prosjekt der elevane sjølve er ansvarlege for å setje i gang leik og aktivitetar i friminuttane. 

Gratis sommaraktivitet

Årdal kommune har fått midlar til å gjennomføre ulike aktivitetar gjennom sommaren som skal vere gratis for born og unge.

Stenger innebassenget i Årdalshallen 

Innebassenget i Årdalshallen har siste ordinære opningsdag for sesongen fredag 16. mai. 

Oppstart arbeid med budsjett 2026

Årdal kommune ynskjer innspel til budsjett 2026 og økonomiplan 2026-2029.   Årdal kommune har middels til høge inntekter samanlikna med ein gjennomsnittleg kommune. Dette tilseier at det skal vere økonomi i kommunen til å yte gode kommunale tenester og til å kunne bidra saman med privat og frivilleg sektor til samfunns- og næringsutvikling.  Rekneskapen 2024 syner derimot at den økonomiske handleevna til Årdal kommune er blitt svekka. Kommunen må redusere driftsutgifter for å få ein meir berekraftig økonomi. Kommunen har dei siste to åra måtte brukt av sparepengane for å dekke utgifter til drift, renter og avdrag på lån.  “Å snu skuta” krev politiske prioriteringar og vi må auke effektiviteten i tenestene. 

Formannskapsmøte torsdag 15. mai

Formannskapet er samla til møte i kommunestyresalen torsdag 15. mai kl. 08.00. Du kan følgje møtet direkte på KommuneTV.