Fotokonkurranse - Fang naturmangfaldet i Årdal!

I arbeidet med kommunedelplan naturmangfald inviterer Årdal kommune til fotokonkurranse. Me ser etter bilete som viser naturen slik han faktisk er.

Utsikt mot Skarpe Nord og Årdalsvatnet - Klikk for stort bilete Rigmor Øygarden

Årdal har eit rikt naturmangfald – frå store landskap til små, skjulte livsformer. No ønskjer me å vise fram dette gjennom bilete frå innbyggjarane.  Alle kan delta, uansett alder og erfaring. Har du ikkje bankID så finn nokon som kan sende inn bileta dine for deg.

Send bileta innan 1. mai via samtykkeskjemaet vårt. Du finner skjemaet på Årdal kommunes heimesider, under skjema - Publikumsbilete og samtykke til bruk. Kryss av for at du vil vere med i fotokonkurransen.

Kva meiner me med naturmangfald?

Naturmangfald er variasjonen i naturen:

  • naturtypar (skog, fjell, elver, myr)
  • plantar og dyr (ikkje husdyr)
  • samspelet mellom dei

Det handlar ikkje berre om det vakre, men også om det sårbare, i endring eller påverka av menneske.

Geiterams og bie - Klikk for stort bilete Beate Stølen

Kva slags bilete ønskjer me?

  • Natur frå Årdal
  • Plantar, dyr, insekt og sopp
  • Ulike naturtypar og landskap
  • Detaljar og nærbilete frå naturen

Me oppmodar også til bilete som viser:

  • påverknad, slitasje eller inngrep
  • kontrastar i naturen
  • det som ikkje nødvendigvis er “pent”

Me ønskjer naturmotiv – ikkje kjæledyr, solnedgangar eller oppstilte bilete.

Rettar til bruk

Ved innsending gir du Årdal kommune rett til å bruke bileta i naturmangfaldsplanen. Fotograf vil bli kreditert.