Tryggleiksalarm

Tryggleiksalarmar er ikkje ei lovpålagt teneste, men ei serviceteneste frå kommunen.

Kommunen har avtale med Alarmsentralen i Florø om leige av digitale alarmar. Når alarmen går kjem den då til Alarmsentralen i Florø.

Kven kan få tenesta?

Personar som har ein sjukdom, skade eller anna som hindrar bruk av mobiltelefon/telefon, eller personar som er særs utrygge.

Søkar må vera i stand til å nytte alarmen etter føremålet

Søk tryggleiksalarm her

Søknadsskjema i utskriftsformat (PDF, 152 kB)

PRIS:

Tryggleiksalarm
Teneste Pris per månad
Leige av tryggleiksalarm under 2G 360
Leige av tryggleiksalarm over 2G 455
Eingongspris
Røykvarslar 2500
Oppkoblingsgebyr for tryggleiksalarm 595

Har du spørsmål?

Tildelingskontoret
Telefon 57 66 50 50