Heimehjelp

Heimehjelp er praktisk hjelp i heimen slik at den enkelte kan bu heime lengst mogleg. Det kan mellom anna vera reingjering av golv, støvsuging, klesvask, handling. 

Kven kan få tilbodet?

Du må ha eit særlig behov for praktisk hjelp i heimen på grunn av sjukdom, funksjonsnedsetting eller alder. Behovet vert vurdert etter søknad og det vert fatta vedtak på hjelpa.

Korleis få tilbodet?

Søk heimehjelp her

Søknadsskjema i utskriftsformat (PDF, 152 kB)

Kva kostar det?

Prislista for heimehjelp

Heimehjelp
Timepris - Abonnement Pris
Timepris uner 2 G (< kr. 248 056) Kun abb.
Timepris 2-3 G (kr. 248 057 - 372 084) 202
Timepris 3-4 G (kr. 372 085 - 496 112)) 275
Timepris 4-5 G (kr. 496 113 - 620 140) 365
Timepris over 5 G (kr. 620 141-) 410
ABONNEMENT FOR 10 TIMAR ELLER MEIR
Abonnement under 2 G (< kr. 248 056) 240
Abonnement 2-3 G (kr. 248 057 - 372 084) 2020
Abonnement 3-4 G (kr. 372 085 - 496 112)) 2750
Abonnement 4-5 G (kr. 496 113 - 620 140) 3650
Abonnement over 5 G (kr. 620 141-) 4100

Kun abonnement: alle med inntekt under 2 G betalar det same om dei har 1 t eller 10. Abonnement gjeld frå den 10 timen tenestemotakaren får hjelp. Årsak: Fastsettes i statsbudsjettet 2021. 

G er Grunnbeløpet i folketrygda

Klage

Du kan klage på vedtak om heimehjelp. Nærare informasjon om vilkår for klage vert sendt ut saman med vedtaket frå kommunen. 

Lovar og reglar

Helse og omsorgstjenesteloven

Har du spørsmål?

Tildelingskontoret
Telefon 57 66 50 50