Marknadsføring av usunne mat- og drikkevarer

Årdal kommune har over tid fått fleire meldingar frå foreldra som opplev at barna deira vert utsett for ulovleg marknadsføring.

Regelverket som gjeld marknadsføring er ikkje rett fram og vert i tillegg følgd opp av fleire ulike instansar. 

Informasjonsbilete ang forbod om Marknadsføring av usunne mat og drikkevarer - Klikk for stort bilete

Marknadsføring i samfunnet retta mot barn og unge

Marknadsføring retta mot barn og unge skal følgje dei allmenne reglane i marknadsføringslova og eventuelle særreglar. Du finn meir informasjon om dette hjå Forbrukartilsynet.

Du kan du tipse Forbrukartilsynet om ulovleg marknadsføring.

Marknadsføring i samfunnet av usunne mat- og drikkevarer retta mot barn og unge

Marknadsføring av usunne mat- og drikkevarer retta mot barn og unge vart forbode i 2025 med heimel i Matlova (Lov om matproduksjon og mattrygghet). og eigen tilhøyrande forskrift (Forskrift om forbud mot markedsføring av visse næringsmidler særlig rettet mot barn) med rundskriv (Rundskriv om Markedføringsforbud mot visse næringsmidler til barn). 

Du kan tipse Helsedirektoratet om slik marknadsføring.

Marknadsføring i skulen

Marknadsføring i skulen retta mot elevar som er eigna til å skape eit kommersielt press og/eller eit sosialt press vart forbode i 2007 med heimel i opplæringslova (Lov om grunnskuleopplæring og den vidaregåande opplæringa). Du finn meir informasjon om dette hjå Utdanningsdirektoratet.

Om du opplev ulovleg marknadsføring i skulen kan du ta det opp med rektor eller lokalt FAU.

Ansvarleg for innhald: kommuneoverlege Jacob Andersen.