Sjukepleiar i 100 % fast stilling ved Seimsdal sjukeheim

Vil du gjera ein forskjell i kvardagen til eldre?

Ved Seimsdal sjukeheim søkjer me ein trygg, omsorgsfull og utviklingsorientert sjukepleiar som ynskjer å bidra til gode dagar for bebuarane våre. Me er opptekne av kvalitet, fagleg utvikling og ei omsorgsteneste som tek utgangspunkt i det som er viktig for kvar enkelt. Hjå oss får du ein meiningsfull arbeidskvardag der du blir ein viktig del av eit engasjert fagmiljø, med høve til å påverka og vidareutvikla tenestene saman med dyktige kollegaer. Søknadsfrist 9. desember.

Om stillinga
Som sjukepleiar ved Seimsdal sjukeheim vil du ha ansvar for sjukepleiefagleg oppfølging av bebuarane og bidra til at dei opplever tryggleik, meistring og god livskvalitet. Du arbeider personorientert og med fokus på brukarmedverknad, der bebuarane sine behov og ynskje står i sentrum. Stillinga omfattar journalføring og kommunikasjon med pasientar og pårørande i tråd med gjeldande rutinar og retningslinjer. Du vil også vera ein viktig bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø og samarbeida tett med kollegaer ved både Seimsdal sjukeheim og Årdal sjukeheim.

Les meir om stillinga her og søk