Kommunalsjef for teknisk, plan og miljø, søknadsfrist 30. november

Vil du vere med og forme framtida i Årdal?Årdal kommune søkjer no ein engasjert og samlande kommunalsjef for teknisk, plan og miljø til ei 100% fast stilling. Me ser etter deg som er ein trygg og strategisk leiar – ein som ynskjer å bidra til utvikling, skape gode løysingar og byggje sterke fagmiljø i lag med dyktige medarbeidarar.

Eldrekino 19.november

Årdal Eldreråd inviterar sambygdingar 60 år og oppover til gratis eldrekino.

Diesellekkasje i Indre Ofredal

Oppdatert 5. november kl. 13.40:Doble lenser er forankra rundt det forureina området og blir liggjande til fredag. Området blir følgt opp og kontrollert jamleg.Lensene absorberer diesel frå vassoverflata og blir deretter levert til godkjent mottak som farleg avfall.

Influensavaksine

Med årsak i produksjonsutfordringar hjå enkelte vaksineprodusentar vert utsendinga av vaksiner i år forsinka. Årdal kommune vil truleg få levert vaksiner i slutten av veke 46 og får ikkje sett i gang med vaksinering før i veke 47. Men dette vert ikkje endeleg bekrefta før i månadskiftet september/ oktober.

Stenging av telefon på legekontoret i samband med personalmøte

Onsdag den 18. november frå kl. 12.00 til 13.30 vil telefonen til legekontoret vera stengd grunna møte.Det er ikkje sett opp planlagde legetimar i dette tidsrommet. Legekontoret er likevel bemanna og tek i mot pasientar med behov for øyeblikkeleg hjelp.Ved behov for øyeblikkeleg hjelp, ring 116 117. Ved livstrugande sjukdom eller skade, ring 113.

Kommunestyre direktesendt 29. oktober

Kommunestyret samlast for møte torsdag 29. oktober, kl. 12:00.Du kan følgje møtet direkte på KommuneTV. 

Formannskapsmøte torsdag 22. oktober

Formannskapet har møte i kommunestyresalen torsdag 22. oktober kl. 08.00. Du kan følgje møtet direkte på KommuneTV 

Fastlege ved Årdal legekontor

Årdal kommune har ledig fastlegeheimel ved Årdal legekontor, med tilsetting frå snarast eller etter avtale. Me søkjer primært etter deg som allereie er spesialist i allmennmedisin. Søknadsfrist 12. november

"Turen stopper her" - bidrag frå deg

Kommunalt råd for menneske med nedsett funksjonsevne fekk nyleg informasjon om ein nasjonal kampanje frå FFO Vestland.

Digital handlingsrettleiar for barn og unge er no på plass

I Årdal kommune har me fokus på at barn og unge skal ha det trygt og godt. Gjennom satsinga Betre tverrfagleg innsats (BTI) har kommunen sidan 2012 arbeidd for å styrkja det førebyggjande arbeidet og samarbeidet rundt barn, unge og familiar.