Bakgrunn for planen
Årdal kommune har gjennom kommuneplanen sin samfunnsdel sett seg mål om å ha ein miljø-, klima‐ og arealpolitikk som sikrar dagens og komande generasjonar sitt behov og valmoglegheiter med ein berekraftig utvikling. Som eit grunnlag for å oppnå dei mål kommunen har sett seg i forhold til berekraft er det viktig at kommunen har oversikt over naturmangfaldet, samt miljø- og klimautfordringar i kommunen.
Det er mange truslar mot naturmangfaldet. På verdsbasis er nedbygging av areal den største, tett følgd av andre orsakar som ureining, for mykje hausting og spreiing av skadelege organismar. I framtida vil klimaendringar bli ein aukande trussel.
For at Årdal kommune skal kunne forvalte naturmangfaldet på ein god måte er det viktig at administrasjon og politikarar har oversikt over aktuelle lokale naturtypar, artar og deira leveområde og kva som påverkar dei og korleis ein kan unngå tap av naturmangfald.
Det er og viktig at kommunen med politikarane som vedtaksmyndigheit er med og påverkar kva vurderingar og verdsetting som skal gjerast i dei ulike utviklingssakene som kjem i konflikt med naturmangfaldet, kva avbøtande tiltak som skal prioriterast osv. Dette sjølvsagt innanfor rammene i lovverket.
Kommunane har ei nøkkelrolle som planstyresmakt i å sikre at naturen blir forvalta på ein god måte, og gjennom dette bidra til å stanse tapet av naturmangfald. Berekraftig bruk og forvaltning av naturen er avgjerande for å stanse tapet av naturmangfald.
Hovudmål med planen
Kommunedelplan for Naturmangfald skal vera eit kunnskapsgrunnlag for kommunen sin arealplanlegging, og i handsaming av enkeltsaker etter Plan- og bygningslova. Ein av hovudoppgåvene i planen vil vera å samanstille og synleggjere allereie eksisterande kunnskap om naturmangfaldet, spesielt med vekt på viktige naturtypar og sårbare artar.
Medverknad
Årdal kommune ynskjer medverking, og vil legge ut informasjon om verkstader og møter fortløpande.
Bruk gjerne appen artsorakel allereie i dag, og registrer deg som brukar for å rapportere funn. Lenke til Artsorakel.
Plan for friluftslivets ferdselsårer og naturmangfaldsplan - arbeidet går framover
Arbeidet med innsamling av kunnskap for ferdselsplan for friluftsliv og naturmangfaldsplanen går framover. I går kveld deltok 30 engasjerte innbyggarar i Årdal i eit medverknadsmøte for å samle og utveksle informasjon og kunnskap om naturmangfald, stiar og ferdselsårar i kommunen vår.

Det var stort engasjement rundt bruk og merking av slike turstiar, og god vilje til å drøfte løysingar i høve ulike interesser i bruken av naturen vår.
Frå kommunen si sida deltok Stine Ohrvik (klima- og miljørådgjevar), Henrik Foss (idrettskonsulent og dagleg leiar frivilligsentralen på Årdalstangen), Martin Ramsland Stensaker og Sebastian Hjertager Lund (kommuneplanleggjarar) og Taryn Malkhassian (folkehelsekoordinator). I tillegg var innleigd konsulent Geir Gaarder frå Miljøfagleg utredning tilstades, og informerte om prosessen rundt naturmangfaldsplanen. Foss hadde innlegg om sti- og løypeplanen.
Kommunen har samla masse god og oppdatert informasjon om Årdalsnaturen, i tillegg til at representantar frå ulike organisasjonar fekk innsikt i korleis kvar sin bruk av ulike naturområde påverkar andre interesser.
Me er svært takknemleg for engasjementet. No vil me få inn endringane frå gårsdagen inn i kartet og lage eit meir systematisk oversyn over stiane. Så vert dette sendt ut på innspelsrunde til innbyggarane og i styra til dei ulike lag og foreiningar. Neste fase vil vere å samle seg og drøfte løysingar i høve sti-nettverket vårt med omsyn til m.a. bruk, tilgang, universell utforming, identitet og tilknytning, og ivaretaking av naturmangfaldet. Planprogrammet for naturmangfaldsplanen vert fastsett i fystkomande formannskapet og kommunestyret. Det jobbast med å utvikle ein medverknadsplan ifm naturmangfaldsplanen.
Årdal kommune er i gang med arbeidet med naturmangfaldsplanen. Sjølv om det er gjort fleire kartleggingar av natur, manglar det kunnskap om natur og artar i kommunen.
Stine Ohrvik
Ein av oppgåvene i arbeidet vårt, er å jobbe aktivt med kunnskapsheving og formidling. For å kunne aktivt samle inn lokal kunnskapen om natur i Årdal, inviterte me Sabima v/ Kristoffer Bøhn hit for å halde kurs og lære oss i å bruke systemet Artsobservasjonar. Oppdraget er at ein tar med seg mobiltelefon eller kamera når ein går ut på tur og registrerer artene som ein ser i naturen, som dyr, insekt, blomar og grønt, fuglar og sopp. Me opplevde under kurset at det er gjort veldig få registreringar i Årdal kommune, samanlikna med nabokommunar, til saman 5 309 funn sida 1985. Luster har over 36.000 observasjonar, Lærdal over 18.000 og Sogndal over 43.000.
Vil du og registrere funn? Det er berre å lage seg ein profil via denne lenka: https://login.artsobservasjoner.no/account/register
Sabima anbefalar å legge inn alle sikre artsfunn. Jo fleire opplysningar som leggast inn, jo høgare blir kvaliteten på funnet, og det er særs viktig for artar som er rødlista, uvanlige eller interessante på andre måtar
Med på kurset var det fleire frivillige organisasjonar: Årdal jeger og fisk v/ Vidar Moen, Naturvernforbundet v/ Iselin Helløy, Sogn Botanisk foreining v/ Stine Svang, Indre Sogn og Voss sopp- og nyttevekstforening v/ Tor-Erik H. Paulsen og Fjord og Fjell v/ Albert Berveling. Kvar av desse held ein kort presentasjon om organisasjonen dei representerer. Kommunen var representert med Klima og Miljørådgjevar Stine Ohrvik og Folkehelsekoordinator Taryn Malkhassian, samt Geir Gaarder frå Miljøfagleg Utredning As var med som konsulent. I tillegg var det rundt 15 private interessentar.
I dei to dagane etter kurset vart heldt er det registrert 20 nye observasjonar i Artsdatabanken.
Sabima sin presentasjon kan du finne her (PDF, 6 MB).
I samråd med Årdal bibliotek og foredraget “Flaskepost fra havet”, arrangerte Årdal kommune kurs i Artsobservasjonar for barn 19 mars 2025.
Årdal kommune vil takke alle engasjerte barn og voksne som deltok, og til Farnes skule for utlån av utstoppa dyr.
Det vart avholdt informasjonsmøter om villrein i Årdal kulturhus 21.05. Norsk Villreinsenter, Statsforvaltaren i Vestland og Årdal kommune holdt innlegg om arbeid for å bevare villrein.
Det er under arbeid ein rekke planar i Årdal kommune.
Grunneigarane i kommunen inviterast difor til eit orienteringsmøte om framdrifta i
planprosessane som omhandlar naturmangfaldsplanen, ferdselsplanen for friluftsliv og padleprosjektet i Sognefjorden.
Det vert lagt opp til ein presentasjon av dei ulike planane, og vidare diskusjon, tilbakemelding og innspel.
Dato og stad for møtet vert satt til 30.juni kl. 18.00-20.00 i kantina på Rådhuset, Årdalstangen.
Årdal kommune takka alle grunneigarar som kom denne kvelden
Kommunedelplan naturmangfald og friluftsliv i Årdal kommune
Årdal kommune inviterte innbyggarar, grunneigarar, lag, organisasjonar og andre interesserte til open medverknadskveld i samband med arbeidet med kommunedelplan naturmangfaldsplan og temaplan for friluftslivets ferdselsårer (sti- og løypeplan).
Planarbeidet skal bidra til ei heilskapleg forvaltning av natur, friluftsliv og arealbruk i kommunen, og lokal kunnskap er viktig for å sikre gode løysingar for både naturmangfald, bruk av utmark og framtidig utvikling.
Det har tidlegare vore gjennomført medverknadsmøte knytt til arbeidet med sti- og løypeplanen. Innspela frå desse møta er no innarbeidde i planarbeidet og dannar grunnlaget for vidare arbeid.
Kommunen presenterte status i arbeidet og viste korleis tidlegare innspel er følgde opp.
Årdal kommune takkar alle som møtte opp på kvelden.
Kommunedelplan naturmangfald og handlingsdel
Innspel til naturmangfaldsplanen og forslag til handlingsdel. Kvelden starta med visning av filmen Vi som solgte landet, som set søkelys på forholdet mellom menneske og natur og gir eit utgangspunkt for refleksjon og samtale.
Etter filmvisninga viste kommunen fram planarbeidet og ba om innspel til handlingsplanen. Det kom fleire gode innspel, og kommunen takkar alle som bidrog.
Biblioteket stilte med pop up bibliotek
I arbeidet med kommunedelplan naturmangfald inviterer Årdal kommune til fotokonkurranse. Vi ser etter bilete som viser naturen slik han faktisk er.
Årdal har eit rikt naturmangfald – frå store landskap til små, skjulte livsformer. No ønskjer vi å vise fram dette gjennom bilete frå innbyggjarane. Alle kan delta, uansett alder og erfaring.
Konkurransen er no avslutta, og Årdal kommune takkar for alle innspel
Årdal kommune og Sogn Friluftsråd gjekk saman om årets Rusken-aksjon – den årlege ryddeduganden der skulane i Årdal tek aktivt del i å halda nærmiljøet vårt fritt for forsøpling.
Kommunen sørgjer kvart år for utstyr, informasjon og motivasjon, medan det er barna sjølve som leverer det viktigaste: engasjement og innsats. Sogn Friluftsråd berikte årets aksjon med krabbar, akvarium, eit flott innlegg om plastforureining i havet – og tarechips til dei modige smakane!
Årdal kommune nytta også høvet til å informera om Naturmangfoldsplanen, som set rammene for korleis me tek vare på naturen i kommunen vår.
Ein stor takk går til alle barn, lærarar og leiarar for framifrå engasjement og godt arbeid. De gjer ein reell skilnad for nærmiljøet vårt!
Årdal kommune er i gang med dei siste merverkingane, og er på besøk til alle sektorane i kommunen samt informerar alle råd og utval.
Har du innspel no i sluttfasen, før høringen startar?
Siste sektormøte er 12/5, så innspel må vere innkomne før det.
Vidare saksgang
Planprogram vart fastsatt av Kommunestyret 06.02.2025 med kommunaldirektørs justeringar.
Arbeidet vil gå framover i 2025, og endelig handsaming av plan vil skje i 2026.
Du kan no sjå ein versjon av planen på denne nettsida. Dette er kun ein testversjon, og ytterlegare justeringar vil bli gjort før høyringen startar.
I 2025 fekk me to naturtypekartleggingar:
Naturmangfoldkartlegging i Årdal 2025.pdf (PDF, 8 MB)
Naturtypekartlegging i Årdal 2025 (PDF, 3 MB)
Har du innspel til arbeidet? Meld inn via dette skjemaet