Kommunedelplan for naturmangfald 2026–2038

Årdal kommune legg med dette planforslag til Kommunedelplan for naturmangfald 2026–2038 ut på høyring og offentleg ettersyn. Formannskapet vedtok utlegginga i møte 11. juni 2026 (sak 062/26), jf. plan- og bygningslova §§ 5-2 og 11-14.

Om planen

Dette er Årdal kommune sin første heilskaplege plan for naturmangfald. Planen gir eit oppdatert kunnskapsgrunnlag om naturverdiar, truslar og påverknad i kommunen, og inneheld ein handlingsdel med 21 konkrete tiltak. Planen skal styrkje grunnlaget for kunnskapsbaserte avgjerder i arealforvaltninga, og vil vere eit viktig kunnskapsgrunnlag for komande revisjon av kommuneplanen sin arealdel.

Planarbeidet er forankra i internasjonale og nasjonale føringar, mellom anna Naturavtalen frå Montreal (2022), og i kommunen sin samfunnsplan «Miljø og teknologi inn i framtida» (2022). Arbeidet er gjennomført i perioden januar 2025 til mai 2026, med tilskot frå Miljødirektoratet si ordning Natursats.

Høyringsfrista er ute. Årdal kommune ynskjer å takke for alle innspel.

Saken skal handsamast politisk, og endeleg versjon blir lagt ut etter vedtak.

Planforslag – Kommunedelplan for naturmangfald (PDF, 12 MB)

Utvida skildring av handlingsplan (PDF, 354 kB)

Kunnskapsgrunnlag – Kommunedelplan for naturmangfald i Årdal kommune (PDF, 7 MB)

Naturmangfaldkartlegging i Årdal 2025 (PDF, 8 MB)

Naturtypekartlegging i Årdal 2025 (PDF, 3 MB)

Har du spørsmål?

Stine Ohrvik
Klima- og miljørådgjevar
Telefon 95 20 96 73