Kontrollar

Den som har fått tildelt sals- eller skjenkeløyve har ansvar for at dette vert gjort på ein forsvarleg måte. Kommunen er ansvarleg for gjennomføring av kontrollar på sals- og skjenkeløyver, i tillegg skal det gjennomførast kontrollar på smittevern og tobakksal.

Kommunen har for 2022 og 2023 avtale med Securitas for å utføre lovbestemte kontrollar av butikkar, restaurantar, kafe, pub med fleire, for sjå til at alkohol og tobakksal er forsvarleg og i samsvar med regelverk.

Innhald i kontrollane:

  • salskontrollar i butikkar
  • skjenkekontrollar på restaurantar, barar, pubar
  • tobakksal
  • reklame
  • råd og rettleiing i driftsperioden

Kommune får skriftleg rapport frå kontrollane. Løyvehavar får høve til å kommentere rapporten før kommune avgjer om forholdet utgjer eit brot på regelverket eller ikkje. Vert det vurdert som brot på alkohollova er kommunen plikta til å tildele prikkar. 

Konsekvensar ved brot på regelverket finn du her.