Konsekvensar ved brot på regelverk

Vert det avdekka brot på alkoholloven så må kommunen tildele prikkar.

Kommunen har ansvar for at det vert gjennomført kontroll av sals- og skjenkeløyver. Vert det etter ein kontroll konkludert med brot på alkoholloven, er me plikta til å tildele prikkar. Får sals- eller skjenkestaden i løpet av to år tildelt tolv prikkar, er me plikta til å inndra sals- eller skjenkeløyvet i ei veke.

Tal prikkar for kvart regelbrot


8 prikkar 

  • Sal og skjenking til mindreårige 
  • Brot på bistandsplikta 
  • Brot på kravet om forsvarleg drift 
  • Hindring av kontroll  

4 prikkar 

  • Sal og skjenking til openbert påverka/rusa person 
  • Brot på skjenketider
  • Skjenking av sprit til person mellom 18 og 20 år 
  • Brot på alderskrav til den som sel eller skjenkar alkohol  

2 prikkar 

  • Openbert påverka person i lokalet 
  • Manglar ved internkontrollsystemet 
  • Manglande levering av omsetningsoppgåve 
  • Manglande betaling av gebyr 
  • Brot på reglar om styrar og vikar for styrar
  • Gjentatt diskriminering 
  • Gjentatt omsetning av narkotika

1 prikk 

  • Brot på reglane om alkoholfrie alternativ 
  • Brot på reglane om plassering av alkoholhaldig drikk på salsstaden 
  • Brot på reglane om skjenkemengde for brennevin 
  • Brot på vilkår i løyvevedtaket 
  • Konsum av medbrakt alkohol 
  • Gjestar tek med alkohol ut 
  • Brot på reklameforbodet 

Forskrift om prikktildeling
Reglar for sal og skjenking

Til toppen