Reglar for sal og skjenking i Årdal

Alle som har fått sals- eller skjenkeløyve er ansvarleg for å sette seg inn i og følgje regelverket.

Dette er det viktigaste du må vite for god drift:

  • Sal av alkoholhaldig drikk (med mindre enn 4,75 volumprosent alkohol) i butikk
    Kvardagar: 09.00 – 20.00
    Laurdagar: 09.00 – 18.00

Sal og utlevering av øl er forbode etter kl 20.00 på kvardagar og etter kl 18.00 på dagar før søndagar og heilagdagar med unntak av Kristi Himmelfartsdag, jfr § 3-7 i alkohollova. Sal og utlevering av drikk som nemnt i første ledd skal ikkje skje på søn- og heilagdagar, 1. og 17.mai, jfr. alkohollova §3-7.

  • Skjenketider for gruppe 1 (øl), 2 (vin), 3 (brennevin)
    Gruppe 1 og 2: kl 08.00 – 02.00
    Gruppe 3:         kl 13.00 – 01.00

Der løyvet omfattar uteservering, kan skjenking skje til kl. 24.00. Forbruk av skjenkt alkohol skal avsluttast seinast 30 minuttar etter at skjenketida er slutt, jfr alkohollova § 4-4. <
Klingenberg hotell AS har, som det einaste turisthotellet, opnings- og skjenketid for gruppe 1, 2 og 3 til kl. 03.00 (vedtak gjort i kommunestyret i 1993).

Utvida skjenketid i samband med einskildhøve: Skjenketid for gruppe 1 og 2 til kl 02.00

Aktuelle lover og forskrifter

Har du spørsmål?

Laila Røneid
Formannskapssekretær
E-post
Mobil 952 77 145
Til toppen