Tilflyttarkontor

Ynskjer du å flytte til Årdal eller har du spørsmål om kva Årdal kan tilby deg? 

Årdal kommune sitt tilflyttarkontor er ei 3-årig prosjektsatsing som starta opp i august 2020. Kontoret har som mål å hjelpe deg som tilflyttar til rette på din nye heimstad og svare på ulike spørsmål du har. 

Det kan vere å bli kjent med offentlege kontor, fritids- og handelstilbod, informasjon om dei ulike tettstadane og anna du har behov for. Ingen spørsmål er for store eller små – me ser fram til å høyre frå deg og ynskjer deg velkommen.

Ved tilflyttarkontoret kan du bli knytt opp mot kontaktar i næringslivet og få betre oversikt over kva kompetansar offentlege og private bedrifter er på utkikk etter. Du vil bli godt mottatt i Årdal, og me kan vere til nytte når det gjeld å kome i kontakt med ulike organisasjonar og å skape sosiale nettverk på fritida.

Har du spørsmål?

Astrid Øvstetun
E-post
Telefon 92 31 89 59
Mobil 92 31 89 59
Til toppen