Trygdebustad i Flotavegen

Kven kan søke?

Personar som pga sjukdom, funkjsonssvikt eller alder treng ein tilrettelagt bustad

  • Det skal vera vurdert om søkar framleis kan bu i eigen bustad ved å legge til rette med hjelpemidlar eller andre tiltak
  • Det skal vera vurdert om søkar kan skaffe seg ein betre eigna bustad privat
  • Søkarar som ikkje sjølv kan skaffe seg eigen bustad, vert prioriterte
  • Søkarar som er folkeregistrert i kommunen, vert prioritert ved tildeling

Søk trygdebustad her

Søknadsskjema i utskriftsformat (PDF, 152 kB)

Leigetakar skriv kontrakt med kommunen, og betalar månadleg husleige, fastsett i budsjettvedtak i kommunestyret.

Trygdebustad
Leige Pris
Pris per månad 6520

MERK: Trygdebustader er ikkje ei lovpålagt teneste.

Har du spørsmål?

Tildelingskontoret
Telefon 57 66 50 50