Avlastning i institusjon

Avlastningsopphald er ei lovpålagt teneste som kan gis både som dag- og døgnopphald.  Det kan gis som enkeltståande opphald, eller ein kan få rulleringsopphald, der ein er vekselsvis heime og på avlastning.

Kven kan få tenesta:

Personar som har særleg tyngjande omsorgsarbeid i forhold til pårørande, kan søka om avlastning.  Det betyr at omsorgsarbeidet må vera av relativt varig art og ha eit visst omfang.

Korleis får du tenesta:

Søk avlastning her

Søknadsskjema i utskriftsformat (PDF, 152 kB)

Tildelingskontoret vil kontakte deg etter at søknaden er motteke.

Pris:

Tenesta er gratis

Lover og reglar:

Lov om kommunale helse-og omsorgstjenester

Har du spørsmål?

Tildelingskontoret
Telefon 57 66 50 50