OmsorgsbustadLytt til tekstenStopp avspillingOmsorgsbustad på ÅBO (Årdal bu og omsorgssenter) er utleigebustader tilrettelagt fortrinnsvis for eldre og personar med ulike typar funksjonssvikt som gjer det vanskeleg å meistre kvardagen i eigen bustad. Du får heimetenester etter individuell vurdering, på same vilkår som andre heimebuande. Kven kan få tenesta? Søkar må være folkeregistrert i Årdal kommune dei siste 2 åra Det må vera vurdert om søkar framleis kan bu i eigen bustad ved å legge til rette med hjelpemidlar eller andre tiltak Søkar må ha eit omsorgsbehov av varig karakter, men omsorgsbehovet kan ikkje vere så omfattande at ein ikkje kan nytte seg av punktteneste frå heimesjukepleien. Søkar med moderat funksjonssvikt kan tildelast omsorgsbustad når dette kan førebygge ytterlegare funksjonssvikt Søkar må pålage seg flytting til høgare omsorgsnivå, dersom hjelpebehovet blir så stort at punktteneste frå heimetenesta ikkje lengre er nok eller forsvarleg for å ivareta hjelpebehovet til søkar Ved tildeling vil ein gjere ein heilhetsvurdering av bustad og funksjonsnivået til søkar Søk omsorgsbustad ÅBO her Søknadsskjema i utskriftsformat (PDF, 152 kB) Leigetakar skriv kontrakt med kommunen, og betaler fastsett månadleg husleige Omsorgsbustad - prisarOmsorgsbustad - prisarLeigePrisOmsorgsbustad pr. månadkr. 9418Hybel pr. mnd.kr. 4587 Sist endra 05.02.2026 10:24