Støttekontakt

Ein støttekontakt skal hjelpe ein anna person til å ha ei aktiv og meiningsfull fritid. 

Kven kan få tenesta?

Barn og vaksne som har trong for hjelp til å ha ei meiningsfull fritid på grunn av somatisk eller psykisk sjukdom, skade eller liding, rusmiddelproblem, sosiale problem eller nedsett funkjsonsevne kan ha rett på støttekontakt. 

Om tenesta:

Ein støttekontakt er ein person som får betalt av kommunen for å hjelpe eit anna menneske til å ha eit sosialt liv og ei meiningsfull fritid. Det er ikkje krav til utdanning eller kompetanse, men den som får oppdraget må vere personleg eigna og legge fram vandelsattest. 

Timetal vert vurdert individuelt ut frå behov.

Me handsamar alle søknader konfidensielt. Tildelingskontoret vil ta kontakt med deg etter du har sett fram søknad.
Søk støttekontakt her

Søknadsskjema i utskriftsformat (PDF, 152 kB)

Bu- og miljøtenesta rekrutterer nye støttekontaktar. Ynskjer du å bli støttekontakt kan du søkje på skjema under.
Søknadskjema for å bli støttekontakt

Timeliste må registrerast elektronisk ved innlogging for tilsette.
Innlogging for tilsette

Lovverk:

Støttekontakt vert tildelt etter lov om kommunale helse og omsorgstenester. 

Har du spørsmål?

Tildelingskontoret
Telefon 57 66 50 50