Avlastning

Avlastningstiltak er eit tilbod til personar og familiar med særleg tyngjande omsorgsarbeid. 

Kven kan få tenesta?

Som pårørande har du rett til å ha eit liv som inneheld meir enn det å vere omsorgsytar for den som har nedsett funkjsonsevne. Kommunen har plikt til å sette inn tiltak som kan lette det tyngjande omsorgsarbeidet. 

Om tenesta:

Avlastning vert ytt ut frå behov og kan organiserast på ulike måtar. Bu og miljøtenesta yter avlastning som timeavlastning og døgnavlastning. Målet med avlastningstiltak er å førebygge overbelastning, gje naudsynt ferie og fritid, samt gje deg moglegheit til å delta i aktivitetar. 

Me handsamar alle søknader konfidensielt. Tildelingskontoret vil ta kontakt med deg etter at du har sett fram søknad om avlastning. 

Søk avlastning her

Søknadsskjema i utskriftsformat (PDF, 152 kB)

Lovverk:

Avlastning vert tildelt etter helse og omsorgstenestelova.

Har du spørsmål?

Tildelingskontoret
Telefon 57 66 50 50