I sjølve søknaden skal søkjar komma med opplysningar som grunngjev at det føreligg eit særskild behov for parkeringslette. Det vil seie at søkjar må skildra kvifor det ordinære parkeringstilbodet, dei stadane som ein besøker ofte, ikkje kan nyttast. I søknadsskjemaet vert er det krav om at søkjar skal gje oss svar og grunngjevingar på følgjande aspekt:
- Korleis adresse det er problem med å parkera og kor ofte ein er der.
- Kvifor det er vanskeleg å parkera der?
- Kvifor kan ein ikkje nytte dei ordinære parkeringsplassane?
Behova ein oppgir å ha, skal dokumenterast med t.d. stadfesting eller uttale frå behandlar, timekort osv. Denne type dokumentasjon kan også visa hyppigheita av behovet.
Det skal leggast ved legeerklæring til søknaden. Dette fyller lege ut med opplysningar om medisinsk situasjon, diagnose, prognose, samt kor mange meter søkjar kan gå med og utan hjelpemiddel. Lege skal og opplyse om korleis type hjelpemiddel søkjar nyttar og i korleis utstrekking. Legeerklæringa dannar det medisinske grunnlaget for vurderinga.
For å sikra at det kun er søkjarar som har eit reelt behov som vert tildelt parkeringsløyvet, vil ein kunne be om dokumentasjon som opplyser om hyppigheit i forbindelse med helserelaterte eller andre tungtvegande behov.
Eit viktig vurderingskriteria vil alltid vera om søkjar har eller kan finna alternative løysingar på sin parkeringsproblematikk.
Parkeringsløyvet er ikkje meint som ei økonomisk støtteordning.