Omsorgsstønad

Omsorgsstønad er ein stønad til privatpersonar som til dømes ektefelle eller andre pårørande som tek seg av særleg tyngjande omsorgsarbeid på privat basis. 

Kven kan få omsorgsstønad?

Privatpersonar kan få omsorgsstønad for å utføre omsorgsarbeid som kommunen elles hadde måtte ta seg av, det vil seie at kommunen vurderer det som naudsynte helse- og omsorgstenester. 

Søk omsorgsstønad

Søkandsskjema i utskriftsformat (PDF, 152 kB)

Om tenesta:

Omsorgsstønad er ei godtgjering til den som yter omsorg, ikkje løna time for time. Den som vert tildelt omsorgsstønad inngår ein oppdragsavtale med Bu og miljøtenesta. Omsorgsstønad er skattepliktig inntekt, men gjev ikkje rett til feriepengar. 

Me handsamar alle søknader konfidensielt. Tildelingskontoret tek kontakt med deg etter at du har sett fram søknad.

Omsorgsstønad vert tildelt etter helse og omsorgstenestelova, lovdata

Til toppen