Individuell plan, koordinerande eining og koordinator.

Alle som har trong for langvarige og koordinerte helse - og omsorgstenester, har rett til å få utarbeida ein individuell plan. 

Korleis få tenesta?

Du eller pårørande kan ta initiativ, men hovudansvaret ligg hjå tenesta.

Om tenesta:

I Årdal kommune er det koordinerande eining som har det overordna ansvaret for individuell plan og for oppnemning av koorinator. Målet er å bidra til at tenestemottakarar som har trong for langvarige tenester frå fleire aktørar skal få eit heilskapeleg tenestetilbod.

Her kan du finne meir informasjon om individuell plan og koordinator.

Me handsamar alle søknader konfidensielt. Tildelingskontoret vil ta kontakt med deg når me har motteke din søknad.

Søk koordinator/individuell plan

Søknadsskjema i utskriftsformat (PDF, 152 kB)

Lovverk:

Retten til individuell plan og koordinator er heimla i helse og omsorgstenestelova.

Har du spørsmål?

Line Hillestad
Individuell plan og koordinator
E-post
Telefon 468 12 773
Til toppen