Å kunne delta i arbeidslivet er viktig for individuell utvikling og stimuli.
Kven kan få tenesta?
Dagtilbod Sogn Vekst er eit tilbod til personar over 18 år som har utviklingshemming og som ikkje har andre aktivitetstilbod som vidaregåande skule, arbeid eller tilpassa aktivitet i bustad.
Om tenesta:
Årdal kommune sitt dagtilbod for personar med utviklingshemming ligg ved Sogn Vekst. Målsettinga med dagtilbod er å gje eit organisert og tilpassa dagtilbod for å bidra til ein aktiv og meiningsfylt kvardag i fellesskap med andre.
Ved Sogn Vekst har dei ulike oppgåver. Nokon av oppgåvene inneheld produksjon og arbeidsprega aktivitetar medan andre aktivitetar er meir individuelt tilpassa med kreative og tilrettelagte arbeidsoppgåver.
Me handsamar alle søknader konfidensielt. Tildelingskontoret vil ta kontakt med deg etter framsett søknad.
Søk dagtilbod Sogn Vekst her
Søknadsskjema i utskriftsformat (PDF, 152 kB)
Lovverk:
Årdal kommune tildeler dagtilbod ved Sogn Vekst etter
Helse og omsorgstenestelova § 3-2 pkt 6 Andre helse og omsorgstenester
Sist endra 21.10.2024 12:08