Bufellesskap

Årdal kommune har butilbod til personar med utviklingshemming i bufellesskap. Personar med utviklingshemming over 18 år som har trong for tilsyn, helse og omsorgstenester kan søkje om tilpassa butilbod i bufellesskap.

Kven kan få tenesta?

Personar med utviklingshemming over 18 år som har trong for tilsyn, helse og omsorgstenester kan søkje om tilpassa butilbod i bufellesskap.

Om tenesta:

Den som får tildelt bustad vil få individuelt tilpassa butilbud og vedtak om helse og omsorgstenester.

Bustaden skal ha trygge og føreseielege råmer som legg til rette for utvikling, meistring og sosial fellesskap. Som bebuar har du rett til sjølvbestemmelse og innflytelse på eige liv.  

Bu og miljøtenesta har tre bufellesskap med døgndrift, leilegheitene vert tildelt etter søknad og vurdering. 

  • Grandane bufellesskap ligg på Grandane ved Årdalsvatnet. Dette er utleigebustadar som vert tildelt etter søknad og vurdering.
  • Klyngetunet bufellesskap er eit burettslag. Her er sju bueiningar. Ved ledig leilegheit vert den lyst ut for sal av Årdal boligbyggelag (ÅBBL). 
  • Uravegen bufellesskap er eit burettslag med 4 bueiningar. Ved ledig leilegheit vert den lyst ut for sal av ÅBBL.

Alle søknadar vert handsama konfidensielt. Tildelingskontoret tek kontakt med deg etter du har sett fram søknad. 

Søk butilbod i bufellesskap her

Søkandsskjema i utskriftsformat (PDF, 152 kB)

Til toppen