KvardagsrehabiliteringLytt til tekstenStopp avspillingTidsavgrensa rehabilitering kor opptrening i daglege gjeremål skjer i din eigen heim og ditt nærmiljø Sist endra01.02.2021 08:41 Kva tilbyr me ? Samtale, kartlegging og undersøking av din funksjon. I samarbeid med oss lagar du mål for det du synes er viktig å meistre i din kvardag. Me jobber saman med deg for å nå dine mål. Kvardagsrehabilitering er primært tilrettelegging og trening i ulike kvardagsaktivitetar som til dømes personleg stell, lage seg mat, bli fysisk sterkare, hente posten, handle eller anna Tilbodet er tidsavgrensa til ein periode på inntil 6 vekerKven kan få tilbodet? Du som har endringar i fysisk funksjon som medfører vanskar med å meistre daglege gjeremål Du som har behov for opptrening i ein overgangsfase etter endt rehabiliterings- eller korttidsopphald, eller opphald på sjukehus Du som bur heime og er motivert for å gjere ein innsats for å nå dine mål Korleis få tilbodet?Du kan ta kontakt med tildelingskontoret i Årdal eller sende ein søknadSøknadsskjemaKva kostar det?Tenesta er gratisKva skjer vidare?Du vil bli kontakta av tildelingskontoret eller ein frå teamet som jobbar med kvardagsrehabilitering