Viktig informasjon om koronaviruset

Koordinerande eining

Koordinerande eining skal bidra til å sikre heilskaplege og koordinerte tilbod til pasientar/brukarar med behov for tenester frå fleire fagområder, nivå og sektorar. 

Dersom du har to eller fleire tenester over tid som det er behov for å samordne, kan du ha rett på å få oppnemnd ein koordinator. Ein slik koordinator vil vere bindeledd mellom deg og dei ulike tenestene. Koordinatoren vil også ha ansvar for at du får individuell plan om du ynskjer det. 

Individuell plan er ei skjematisk oversikt over hjelpebehov og hjelpetiltak for kortsiktige og langsiktige mål for deg som tenestemottakar. Årdal kommune nyttar elektronisk individuell plan (SamPro).

Søk koordinator/individuell plan her  

Rett til koordinator og individuell plan er ein lovfesta rett. Du kan lese meir om dette på desse nettstadane:

Forskrift om habilitering og rehabilitering

Lov om pasient- og brukerrettigheter

Helse- og omsorgstjenesteloven

Psykisk helsevernloven

Har du spørsmål?

Line Hillestad
Individuell plan og koordinator
E-post
Telefon 468 12 773
Til toppen