Psykisk helseteneste for barn og unge
Psykisk helseteneste for barn og unge er eit lågterskeltilbod for deg som av ulike årsaker trenger støtte og hjelp til livsmestring.
Kva tilbyr me?
Me tilbyr individuell oppfølging samt lågterskel oppfølging ved skulane.
Barne og ungdomskontaktar har og tilbod om individuell oppfølging. Denne oppfølginga kan vere:
- personleg oppfølging og støttesamtalar
- kognitiv terapi
- gruppetilbod med “Cool kids”
- deltakar i tverrfagleg samarbeid der det er aktuelt jfr Betre tverrfagleg innsats (BTI)
Opningstider og bemanning:
Psykisk helseteneste open og bemanning av telefon til følgjande tider.
- Kvardagar: 07:30 til 21:00
- Helg: 09:00 til 21:00
Korleis få tilbodet?
Søk psykisk helseteneste for barn og unge
Søknadsskjema i utskriftsformat (PDF, 152 kB)
Du vert kontakta av sakshandsamar frå Tildelingskontoret som kallar inn til tverrfagleg møte med aktuelle aktørar som er involvert i din sak.
Kva kostar det?
Psykisk helseteneste for barn og unge er gratis.
Sist endra 24.09.2026 14:08