Betre Tverrfagleg Innsats (BTI)
I Årdal Kommune har me fokus på barn og unge sin trivsel. Det overordna målet for Årdal kommune sin førebyggjande innsats for barn og unge har sidan 2012 vore satsinga Betre tverrfagleg innsats (BTI).

Årdal kommune er ein BTI-kommune og nyttar BTI som samhandlingsmodell for å sikre tidleg innsats, godt samarbeid og heilskaplege tenester til barn, unge og familiar.
Kommunen nyttar digital handlingsrettleiar som gir rettleiing ved uro for barn og unge og viser korleis tenestene samarbeider.
På nettsida vår kan du få oversikt over kva du kan gjera dersom du kjenner uro for eit barn, og korleis tenestene i Årdal kan hjelpa.