Dagsenter psykisk helse

Dette er for personar med behov for psykisk helseteneste og som har behov for å vere ein del av eit sosialt fellesskap med ulike aktivitetar og gruppetilbod. 

Følg med på Facebooksida for meir informasjon.  

Kva tilbyr me:

Tilbod om å komme på dagsenteret når det er open. Her vil det verte tilbod om ulike aktivitetar:

  • felles måltid
  • ulike gruppetilbod som til dømes gåtur, spel, matlaging / baking, såpelaging, påskequiz, hagearbeid osv.   

Opningstider dagsenter:  Tysdag og torsdag klokka 10 til 13 

Dagsenteret er på psykiatrisenteret i Tangevegen 14, Årdalstangen. 

Kva kostar det?

Dagsenteret er gratis. Dersom du vil delta på felles måltid, betalar du dette når du er der, kun kontant betaling. 

Tysdag lunsj klokka 11:00 - 50 kr

Torsdag lunsj klokka 11:30/12:00 -  100 kr

Korleis få tilbodet?

Søk dagsenter psykisk helse her

Søknadsskjema i utskriftsformat (PDF, 152 kB)

Du vil verte kontakta av sakshandsamar frå tildelingskontoret som gjer ei kartlegging og vurdering av behov. Søknader vert behandla fortløpande når dei kjem inn. Seinast innan 3 veker skal du ha mottatt førebels svar frå kommunen med orientering om når du kan forvente endeleg svar.

Klage

Klagefristen er 3 veker etter endeleg vedtak er gjort. Informasjon om retten til å klage finn du i vedtaket.